18 hol i vestlandsnatur
Kvam Disc Golf Course ligg på Norheimsvegen 185 i Norheimsund. Banen er open for alle, heile døgnet, heile året — to teestader gjer han spelbar både for nybegynnarar og erfarne spelarar.
Par 63 over 18 hol
Same bane, to lengder — vel teestad etter nivå og dagsform.
18 hol, par 63
Full runde med to teestader. Hol-for-hol-info med lengder og linjeval finn du i caddy book-en.
Blå tee: 1883 m
Dei lange utkasta, for deg som vil ha full utfordring.
Raud tee: 1287 m
Kortare utkast — eit godt utgangspunkt om du er ny.
Banekart og hol-info
Alle 18 hola er dokumenterte med banekart, lengder og linjeval. Bla i caddy book-en direkte på sida, eller last ned PDF-en før du går ut — det er ikkje mobildekning overalt på banen.
Opne caddy book →- Adresse Norheimsvegen 185, 5600 Norheimsund
- Opningstid 00:00–23:59, alle dagar heile året
- Teestader Blå 1883 m · Raud 1287 m
- Caddy book Last ned PDF (20 sider)
Frå 9 til 18 hol
Banen starta med 9 hol og er utvida til 18, bygd og drifta på dugnad av Kvam Frisbeegolf. Klubben, medlemsskap og arrangement finn du på klubbsida deira.
Banen er mogleg takka vere desse
Bedrifter i Kvam og Hardanger som støttar drifta av banen. Sponsoratet blir forvalta av Kvam Frisbeegolf.



















Kvam